INGRID & MARIA OSE
flute

Klikk her for å redigere undertittel

INGRID OSE

Ingrid (f. 1998) kjem frå vakre Vestlandet, nærare bestemt Sandane i Sogn og Fjordane. Ho har vokst opp i Gloppen kulturskule der ho starta som 7- åring med John Rune Ødven som lærar, og har seinare også gått musikklina ved Firda vgs med same lærar. Da ho var 15 år, kom ho inn på det nasjonale talentprogrammet Barratt Due Unge Talenter i Oslo, og gjekk der samtidig som ho fullførte både ungdomsskulen og vidaregåande skule på Sandane. På Barratt Due hadde ho både professor ved NMH og alt. solofløytist i Oslo-Filharmonien Tom Ottar Andreassen og Randi Krogvold Lundqvist som lærarar. I 2017 kom Ingrid inn på utøvande fløyte ved Norges Musikkhøyskole, og studerer no hos Tom Ottar Andreassen og solo piccolofløytist i Oslo-Filharmonien Trond Magne Brekka. 


Både Ingrid og hennar tvillingsøster Maria har i tillegg inngått eit musikalsk samarbeid med fiolinist og komponist Henning Kraggerud, som har arrangert eigne og andre sine verk for og med dei. Både stykke for fløyteduo, kammermusikk og solistverk, i tillegg til eit originalkomponert verk han har dedisert duoen deira. Med Kraggerud spelar dei også konsertar aleine og samen med andre musikarar.


Ingrid har vunne ei rekke prøvespel, m.a. til talentorkesteret Ung Filharmoni - og har dermed fått spele piccolo saman med Oslo-Filharmonien - og til talentsatsinga til Valdres Sommersymfoni der ho er Papillonmusiker sommaren 2019. Hun deltek då som musikar på festivalen saman med store navn som Henning Kraggerud og Eldbjørg Hemsing. Ingrid har også spelt med musikarar som Håvard Gimse, Sara Övinge, Per Kristian Skalstad og Gunnar Flagstad. Som 15-åring var Ingrid solist med Kringkastingsorkesteret saman med si tvillingsøster Maria, og dei har begge seinere vore solistar m.a. på Barratt Due sin store julekonsert i Oslo Domkirke og med talentorkestera på Norges Musikkhøyskole og Barratt Due. Ho har også spelt på meisterklasser med nokre av de største fløytistane i verda, Andrea Lieberknecht, William Bennett og Denis Bouriakov. Dirigentar ho har spelt med er Vasily Petrenko, Christian Vasquez, Joshua Weilerstein, Bjarte Engeset, Eivind Aadland og Per Kristian Skalstad.


Ingrid har mottatt ei rekke stipend, m.a. Drømmestipendet frå Norsk Tipping, Furorestipendet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, TÆL-stipendet frå Sparebanken Midtnorge der ho og Maria også blei Årets kulturtalent, og fleire stipend frå Skipsreder Wilhelmsens Stiftelse.